Teikneteater med illustrasjoner av Kristoffer Kjølberg


Sendte Stoltenberg-regjeringa eit såkalla «non-paper» til dei kinesiske styresmaktene, der dei langt på veg unnskyldte tildelinga av Nobels fredspris til Liu Xiabo? Ryktet om dette brevet er utgangspunktet for idéen til framsyninga Draum om våren, som har premiere på laurdag på Det Norske Teater. Framsyninga er også ei ganske unik oppleving av det vi har kalla «teikne-teater». Ei teaterframsyning som er mest som eit høyrespel der skodespelarane står i mørkret, medan 600 teikningar av Kristoffer Kjølberg visualiserer handlinga.