Grafill-stipend ble utstilling i Brighton


Med stipendstøtte fra Grafill åpnet illustratør Judit-Mari Forthun i mars utstilling i Brighton, England.

- Utstillingsplassen er kalla "The Northern Lights" og er den einaste Nordiske restaurant/baren i Brighton. Den holder til i ein freda bygning frå 1700-talet og var opprinneleg ein fiske utstyr butikk. Dei seier det spøker i 2.etg der utstillinga var holdt og at spøkelset er ein kaptein, derav også det maritime temaet. Logoen i "Light of Night er også logoen til "The Northern Lights".

- Taket var dekka i heimelaga papir snøkrystallar sia eg hadde lova snø på kvelden. Eg serverte pepperkaker og gløgg og hadde live akustisk musikk spilt av Steven Voges som åpna ustillinga. Tittelen "Home is where the heart is" forklare egentlig seg sjøl, men utstillinga handla om heimelengsel noko som er representert i illustrasjonane:

* Kurvekartet: Som er det næraste ein kjem å flytte fjell.
* Stjernehimmelen: Som er så fryktelig masse klårare der heime.
* "Home is where the heart is", Låven: Står på pappa sin gard der eg vaks opp i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen er frå fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og er eit bilete frå Oppstyn tatt mellom 1900-1922.
* "Pathway", Blomsterkransen: Er alle plantar du kan sjå på vegen frå pappa sitt hus til elva ute med veien. Eit foto av elva er også brukt som bakgrunn i denne illustrasjonen.
* "Solitary" Fyrtårna på stranda: Bakgrunnen er eit bilete tatt av meg på stranda i Brighton av min besteste venn då ho var på besøk hos meg i England. Fyrtårna er plassert der fiktivt.
* "Light of Night": Ett fyrtårn er fiktivt plassert på ei øy frå eit biletet tatt av Geita Fyrtårn i Askvoll mellom 1900-1910.

www.flickr.com/photos/fylke...
www.flickr.com/photos/fylke...
media-cdn.tripadvisor.com/m...

www.jmfillustration.com