Brev fra ny leder i Grafill Tegneserie

Hei, folkens! Eg heiter Øystein Runde, og har blitt ny ledar for tegneseriegruppa Grafill.

Mignola Crab

Eg har teikna og/eller forfatta ni teikneseriebøker, ei barnebok og ei faktabok. Med meg i teikneseriestyret har eg serieskapar, illustratør og redaktør Are Edvardsen, som står bak både teikneserieforlaget Überpress og Bergen 24 timers teikneseriemaraton.

Vi har kokt ihop litt snacks for å få alle til å like oss. Om du ikkje likar oss, send ein e-post og hjelp oss å bli likt. Vi vil styrke norske teikneseriar sine koblinger mot utlandet, auke handverksmessig nivå på oss alle, og, straks vi alle held eit skyhøgt nivå, vise dette til Kulturrådet og tvinge dei til å auke pottane våre. 

Og vi vil gjere det stas å vere Grafill-medlem. 

Gratis standplass på Art Bubble
Det første vi vil gjere er å vise fram alt det bra vi allereie har. Difor tenker vi å kjøpe eit bord på Art Bubble i København no 18. og 19. november. Alle medlemmer av Grafill si tegneseriegruppe kan sitte der og signere/selge bøkene sine på det bordet. Vi dekker også inngangsbilletten din til Art Bubble om du vil ned og representere Grafill, men reise og hotell må du ordne sjølv. Send mail om det er interessant, så kan vi samordne kven som vil passe bordet når, og eventuelt vere lure på reise og overnatting. Vi reknar med at ingen kjem til å passe bordet når Mignola skal prate. Det er ok. 

Skambillig workshop med Even Mehl Amundsen
Om du er på Instagram, har du kanskje lagt merke til @evenmehlamundsen, ein ung norsk fantasyillustratør som i 2016 posta ei ny skisse kvar dag, med ei fin lita tekst til. Han har etterkvart fått 131 000 følgarar der, noko som gjorde at bok-kickstarteren hans galopperte forbi målsetninga og enda opp på 77 000 euro.

Even Mehl Amundsen kjem frå Stabekk, og har jobba for gigantar som Blizzard og Games Workshop. Han bur for tida i København og jobbar med concept art for dataspel og film. 

På søndag 17. desember får vi han på til Grafill R21 i Oslo, til ein workshop frå 10 til 17. Kurset kostar 50 kroner for Grafill-medlemmer, (200 med varm mat) og 550 for ikkje-medlemmer (700 med varm mat). Det er begrensa med plassar, så vær sikker på at du kan komme så du ikkje tek nokon andre sin plass. (Og om du ikkje får plass, ta kontakt igjen når det nærmar seg dagen) 

Påmelding skjer her 

Workshopen vil fokusere på karakterutvikling og -design, men vil også innehalde avstikkarar innom Even sine andre kompetanseområde. Dei som har iPad pro og Apple Pencil anbefalast sterkt å installere (og bli kompis med) Even sin favoritt-app Procreate, då det kan vanke eit par fine Procreate-tips her. Men det går også an å jobbe i ei god gammaldags skissebok av papir. 

Even har lært mykje av Andrew Loomis, for dei som vil ni-øve på naturalismen før dei kjem på workshop. 

Ønsker du varm lunsj på R21 kan du krysse av for dette. Då blir det 150 kroner ekstra. Maten er vegansk gryte frå Krishna Cuisine (veldig god). 

Medlemmer av teikneseriegruppa er velkomne til å kome på "julesamling" etter at Even sitt kurs er over (1700). Eventuelle ikkje-medlemmer som henger rundt etter Even sin workshop kan også få vere med! Vi anbefaler alle å ta med ei lita tegning eller noko sånt, så kan vi samle alle kunst-gavene i ein pott og bytte. 

Om du ikkje vil på Even sin workshop, men VIL ha vegansk gryte etter fem (nam nam sunt etisk godt nam) så kan du betale berre 150 for julebordet. Om du ikkje vil ha, så ta med det du vil ha av drikke, godis og annan mat. Grafill bidreg med lokalet i Rosenkranzgate 21 og eventuelle overraskingar...

Om du har ting som du vil spre til medlemmene, post dei Grafill Tegneserie på facebook.

Og om du har ting du vil ta opp, så er eg no her på mail: oysteinrunde@gmail.com

Beste helsing
Øystein