Illustrasjonskollektivet Birgers Oterutleie tegner på vegger, t-skjorter, tekstiler, møbler og papir.

Tusjing og tvangsnevroser #

Av Dorthe Smeby

Med sin detaljerte, humoristiske og gjenkjennelige svart-hvitt-stil har tremanns-studioet utmerket seg de seneste årene, med oppdrag som spenner fra dekorering av oldefedres gamle kister til dovegger og vinkartonger.

- Birgers Oterutleie starta opp ein sumardag i 2011, da vi var på veg heim ifrå Tyskland med 100 liter maling i bagasjerommet på ein leigebil, sier Martin Lothe. Lothe er utdannet visuell kommunikatør fra Kunsthøgskolen i Bergen og jobber til daglig som grafisk designar. Han fungerer også som diktator i Birgers Oterutleie.

- Tanken slo oss at vi burde starte eit illustrasjonskollektiv. Så i mild bris på Danskebåten etablerte vi Birgers Oterutleie. I tillegg til meg består vi av Ole Fredrik Hvidsten, som er utdanna illustratør frå NKF og lærar fra HiOA, og jobber fulltid som illustratør. Han er dagleg leder i Birgers Oterutleie. Daniel Dahn er utdanna Motion Graphic Designer frå NKF, og arbeidar til dagleg som animatør. Han vart adoptert inn i Birgers Oterutleie, og har tittelen Matros. Birger er far til ein gamal sjømannsskrøne med ukvemsord og harselars. Saknet fortel at han er imaginær, sjølv om dette ikkje er verken opplest eller bekrefta. Det vi veit er at han har bart, og at han ikkje held kråkar og sjor høgt i kurs. Dei resterande faktorane er noko uklare, men vil truleg formas i tråd med tidens tann. Det er ikkje umogleg at Birger i framtida vil bli definert som ein religion.

Kvantitet og variasjon
Studioet beskriver arbeidsmengden som svært mangfoldig, og kundegruppen som bred og forskjelligartet. Birgers Oterutleie har blant annet laget bøker, filmer, t-skjorte-kolleksjoner, utstillinger, grafiske profiler og plakatkampanjer. De har også tegnet på møbler, en sveisehjelm, drevet med streetart og laget større murals i kontorlandskap. Prosjektene det går med mest tid til om dagen er derimot live illustrasjon på konferanser og eventer, der de tolker innholdet i foredrag og lager illustrasjoner med utgangspunkt i dette.

- Stilen vår har blitt til gjennom ein lek som vi kallar Draw Off, sier Martin.

- På reinversdagar kjøpte vi inn øl og satt og teikna. Leiken går ut på at ein person seier ein bokstav, og ein annan person seier det fyste ordet han kjem på som startar på denne bokstaven, og så har vi to minutt på å teikne noko med utgangspunkt i dette ordet. Og slik held vi på heile kvelden, til arket framfor oss er fullt opp av små teikningar med forskjellige tolkningar og historiar. Til slutt fyllar vi inn mellomrom mellom illustrasjonane og syr det heile saman til ein komposisjon. Kvaliteten i stilen vår ligger i mangfoldet - vi pleier å kalle det Quality by Quantity.

Skapertvang og skaperglede
Inspirasjon til nye tegninger og motiver finner de i hverandre, samt andre dyktige illustratører de ser opp til. Også å jobbe med flinke folk innenfor andre disipliner, hvor samarbeid fører til utvikling av eget produkt - fra å være et papirark til å bli et integrert element i en mer kompleks helhet.

- Vi har alle tre ein slags skapartvang i oss, og vi opplev det som særs tilfredsstillande å produsere fysiske verk. Vi må teikne på ting, ellers får vi abstinensar. Heldigvis har vi klart å gjere tvangsnevrosane vår om til noko konstruktivt, sier Martin.

- I vårt daglege virke må vi i stor grad forhalde oss til briefer og innspill frå kunder. Det som skal produseras der skal leve opp til definerte funksjonar og verdiar, noko som førar til at ein del sjølvsensur, og at gode idear må vrakast fordi dei ikkje lever opp til kundens behov. Birgers Oterutleie er ein slags reaksjon på dette. Ein kunstnerisk fristad der du kan få skape det du vil. Ein hyllest til skaperglede.

- Hva er planene for BirgersOterUtleie fremover?

- For tida arbeidar vi med vår femte t-skjorte kolleksjon. Den skal heite The Unicorn Doomsday Collection, og handlar om korleis Birger på 1700-tallet lurte alle einhjørningar til å ta kollektivt sjølvmord, og med klarte å begrense antall reinboger på himmelen. Det vert nok ein overvekt av svart og kvitt i den kolleksjonen. Vi skal også dekorere ein foodtruck for gjengen bak Hitchhiker og Smalhans, lage ein putekolleksjon saman med Thoresønn. Og så skal vi gjenta suksessen frå fjordåret med å teikne live i Myrkdalen under Open Klasse, der vi er ein slags minisponsor. Vi trakter etter ein kvardag med utfordringar som strekker seg over eit bredt spekter, og er alltid på jakt etter nye måter å bruke illustrasjon på.

I samarbeid med vinprodusenten Agraria Riva del Garda har kollektivet også laget to bag-in-box-viner, med emballasje produsert av resirkulerbar papp uten plasthank. Boksene brettes på en måte som minimerer bruken av lim, og vinene har har fått navnene Birgerosso og Birgianco.

- Konseptet bak vinen er bærekraft og handtverk, og designet er vår tolkning av området der vinen kjem frå. Produsenten held til ved Gardasjøen og Valle de Lago i Nord Italia, eit område som bland anna er kjent for vindsurfing, flotte vegar, landsbyar, fjell og innsjøar, og desse elementa gjer opp illustrasjonen på emballasjen. I tillegg til å vere økologisk er vinene også produsert utan bruk av animalske produkt, og kan dermed nytes av både tjuagutter og veganere. I forbindelse med lansering av vinen var vi i Italia og teikna live på tre eventer i tre byar på tre dager, sier han.

- Hva er Birgers drømmeprosjekt?

- I februar var vi på Lillehammer i 10 dager under Youth Olympic Games og Sjoggfest. Dette var ein fantastisk oppleving der vi dro rundt og teikna på idretsarrangement, konsertar, på legekontor, under foredrag, og i butikkar. Vi teikna på plater, på vegger, på ein curlingstein, på ski og på ein snowboardhjelm. På mange måter var dette eit slags draumeprosjekt, der vi fekk utfolde oss fritt på mange forskjellige felt, og på mange forskjellige arenaer. Vi håper å kunne gjøre fleire liknande prosjekt, som går over fleire dagar, og der vi kan ta illustrasjonen ut blant folk. Vi var også på Øya festivalen og teikna i regi av Ms. Ginger (matbilen også kjent som Meal on Wheels). Det hadde vore morosamt å gjøre noko i stor skala på ein festival ein gong.