Ombyggeriet


Ombyggeriet er eit nyoppstarta designstudio, som jobbar i krysninga mellom grafisk design, art direction og produktdesign. Det Oslo-baserte byrået vart grunnlagt i 2015, og består av Jenny Kyvik Hutchens og Ingrid Rommetveit. Duoen møttes på borneskulen i heimstaden på Stord, kor dei tok følge til Westerdals. Her studerte Jenny grafisk design medan Ingrid gjekk på art direction linja. Etter eit par år frå kvarande (Jenny i Handverk + Los&Co og Ingrid i Anorak), bestemte me oss for å hoppe i det og starte for oss sjølve.

I dag utviklar Ombyggeriet to- og tredimensjonale designkonsept. Me liker å jobbe med fysisk design og utforske nye teknikkar samt bruke ulike verktøy og materiale i prosjekta våre. I tillegg til å tilby art direction og grafisk design, har me eit lite ombyggeri kor me forvandlar brukte gjenstander og materiale til nye uttrykk, former og funksjoner.

Ombyggeriet held til i Torggata, og tek gjerne i mot besøk. Kontoret er berre 15 kvadratmeter stort, så det må i tilfelle bli ein om gongen. Om ikkje kan du ta turen innom www.ombyggeriet.no.