Brageprisen til illustratør og forfatter Anna Fiske

Torsdag kveld ble årets Bragepriser utdelt i klassene skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, sakprosa og åpen klasse. Anna Fiske vant for boken Elven. Vi gratulerer, vel fortjent!

Foto: Maja Hattvang / nrk.no

Juryens begrunnelse:

Anna Fiske har skapt si eiga rås i det norske barnelitterære landskapet.

Bøkene til Fiske har i fleire år lukkast med å gjere baksider til framsider og sjå under overflata der andre ser bølger eller trygg is.

Elven er nettopp ei slik forteljing: Helena opplever brutal utanforskap både på heimebane og ute hos jamaldringane. Fiske skildrar like mykje med tekst og bilde eit ugjestmildt vinterlandskap av iskald mobbing og indre uro som trykker hovudpersonen ned gjennom tynn-isen. Men Elven er òg eit nært portrett av eit ungt kunstnarsinn som skal finne si eiga stemme midt opp i alt dette.

Lesaren tek del i Helenas sterke modningsprosess, metaforisk skildra som ei vårløysing:

«Nesten all snøen har smeltet i løpet av natten, sånn er det, plutselig kan allting forandres» skriv Fiske, som klarer kunststykket å gjere eit nyansert og symboltungt bildespråk så intuitivt og treffsikkert at lesaren nærast kjenner det på kroppen når is-slottet gradvis smeltar, fargane kjem fram og Helena endeleg maktar å ta meir plass.

Dette er ein brennande intens melodi ein ikkje kan skru av, ein vakker komposisjon med poetisk vidd og spanande dramaturgi. Elven er eit uomgjengeleg smelteverk i forfattarskapen til Fiske.

Brageprisen deles ut av stiftelsen Den norske Bokprisen. Stiftelsen har til formål å utbre interessen for god skriftkultur. Brageprisen ble første gang delt ut i 1992, og i går ble nye vinnere hedret sammen med en ærespris.

Vinnere av Brageprisen 2018

Skjønnlitteratur
Tittel: Når landet mørknar
Forfatter: Tore Kvæven
Forlag: Det Norske Samlaget

Barne- og ungdomsbøker
Tittel: Elven
Forfatter: Anna Fiske
Forlag: Cappelen Damm

Sakprosa
Tittel: Hvem sa hva?
Forfatter: Helene Uri
Forlag: Gyldendal

Åpen klasse: Populærvitenskap for voksne og barn/ungdom
Tittel: Menneskets grunnstoffer
Forfatter: Anja Røyne
Forlag: Kagge Forlag

Hedersprisen 2017
Klaus Hagerup

Les mer på nrk.no