Ingen veit kven Trygve er

Grafills Hus Utstilling
Gå til innholdet


Trygve M. Davidsen var blant Noregs mest produk­tive illustratørarar og formgjevarar. Gjennom Trygve sine eigne utklippsbøker, får vi eit innblikk i korleis det var å vere grafisk utøvar i første halvdel av 1900-talet.

Trygve er best kjend for arbeidet han gjorde mot slutten av livet, som for det meste var postkort med bonderomantiske landskap og julemotiv. Men utklippsbøkene viser òg ei anna historie. Her er det stort spenn i stiluttrykk, og mykje av arbeidet fell innanfor det vi i dag kaller grafisk design: logoar, bokomslag, plakatar og pakningsdesign. Ein ser òg ei tydleg tilknytning til den norske karikaturteiknar-tradisjonen, der mykje av arbeidet har eit leikent og til tider surrealistisk uttrykk.

Han vart fødd i Kristiania i 1895, som eldst av seks søsken. Som 16-åring, i 1911, starta han i lære som retusjør i klisjéanstalten Wilh. Scheel & Co i Kristiania. Samstundes tok han kurs i frihandsteikning ved Statens håndverks- og kunstindustriskoles kveldsskole. Dagen han fekk svennebrev, slutta han hjå Scheel og starta for seg sjølv. I 1917, starta han reklamebyrå med William Saastad under namnet Saastad og Davidsen. I 1923 reiste dei til USA for å studere reklamekunst og fagskular. Saastad valgte å bli, medan Trygve reiste heim til Noreg.

I ein artikkel av reklamemann Thor Bjørn Schyberg blei Trygve omtala slik: «Han er ‹Oslogutt› tvers igjennom, rapp i kjeften når det gjelder, god i debatten og med et lunt smil i øyekroken. Han er kunstner i hver trevl, men uten kunstnernes unote.».

På begynnelsen av 1930-åra hadde Trygve etablert seg som ein av Noregs mest kjende og produktive reklameteiknarar. Fleire av arbeida has blei trekt fram i utanlandske publikasjonar, som døme på god norsk reklame. Eit av døma var ein plakat for NSB frå 1925. Plakaten skulle promotere Noreg som reisemål, i blant anna Danmark, Tyskland, Frankrike og USA. Motivet viser ein naken mann på ski i norsk natur, og skulle skildre eit sunt sportsliv. Men nakenheita blei for mykje for amerikanarane, og plakaten blei forboden – noko som har gjort den til eit ettertrakta samleobjekt i USA.

Trygve var engasjert utover å praktisere faget, og tok stort ansvar for komande generasjonar. Han underviste hjå Grafisk Institutt, Oslo Børs Reklameskole og Oslo Elementærtekniske skole. Han produserte fleire lærebøker om teikning, typografi og komposisjon. Han var styremedlem i Reklameforeningnen, viseformann i Tegnerforbundet og medlem av Statens sakkyndige råd for utarbeidelse av åndsverksloven frå 1953.

I samband med utstillinga gir Store Norske Skriftkompani ut fleire skriftsnitt basert på Trygve sitt arbeid. Plakatar med eit utval arbeid, er til salgs som katalog.

Materialet er lånt av Ivar Ulvestad, Nasjonalbiblioteket, Nasjonalmuseet og Handelshøyskolen BI. Takk til Johannes Kinn, Martina Gaux, Målfrid Voll, Hilde Marie Sandstrak, Katinka Lund Bergskaug og Lene Renneflott. Utstillinga er utforma av Arve Båtevik.

Utstillinga står til 5. november 2023.

Opningstider
mån–fre 10–16
sundag 12–16