| Grafill R21 10:00 – 17:00
22859766 1731742073505595 6773565755512648275 O

(FULLBOOKET) Grafill Tegneserie inviterer til workshop med Even Mehl Amundsen

Om du er på Instagram, har du kanskje lagt merke til @evenmehlamundsen, ein ung norsk fantasyillustratørsom postar ei ny skisse kvar dag, med ei lita tekst som akkompagnerer figuren eller figurane han viser fram. Han har etterkvart fått 131 000 følgarar der, noko som gjorde at kickstarterkampanjen for samleboka hans passerte målet sitt og enda opp på 77 000 euro.

22859766 1731742073505595 6773565755512648275 O

Even Mehl Amundsen kjem frå Stabekk, og har jobba for gigantar som Blizzard og Games Workshop. Han bur for tida i København og jobbar med concept art for dataspel og film. 

På søndag 17. desember får vi han til R21 i Oslo, til ein workshop frå kl.10.00 til 17.00. Kurset kostar 50 kroner for Grafill-medlemmer, og 550 for ikkje-medlemmer (+ billettgebyr). Det er begrensa med plassar, så vær sikker på at du kan komme så du ikkje tek nokon andre sin plass. (Og om du ikkje får plass, ta kontakt igjen når det nærmar seg dagen) 

Workshopen vil fokusere på karakterutvikling og -design, men vil også innehalde avstikkarar innom Even sine andre kompetanseområde. Dei som har iPad pro og Apple Pencil anbefalast sterkt å installere (og bli kompis med) Even sin favoritt-app Procreate, då det kan vanke eit par fine Procreate-tips her. Men det går også ann å jobbe i ei god gammaldags skissebok av papir, seier Even. 

Even har lært mykje av Andrew Loomis, for dei som vil ni-øve på naturalismen før dei kjem på workshop. 

Ønsker du varm lunsj på R21 kan du krysse av for dette. Då blir det 150 kroner ekstra. Maten er vegansk gryte frå Krishna Cuisine (veldig god).

PÅMELDINGEN ER NÅ FULL.
Ta kontakt med leder av Tegenserie faggruppen når det nærmer seg, om det er mulighet å få billett: oysteinrunde@gmail.com

Sted: Grafill R21, Rosenkratz gate 21.
Dato: Søndag 17. desember
Tid: 10:00-17.00

Facebook-event