Unniversitetet i Bergen søker Kommunikasjonsrådgjevar/koordinator

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei 100 % fast stilling som rådgjevar/koordinator. Vi søkjer ein rådgjevar/koordinator som er oppteken av utvikling, har gode samhandlingsevner og som ønskjer å være med på å vidareutvikle fakultetet.

Fakultet for kunst, musikk og design har kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking, utdanning og formidling innan kunst, musikk og design som sitt hovudførmål. For tida har fakultetet 180 tilsette og kring 630 studentar fordelt på bachelor- og masternivå. Meir informasjon finn du på vår nettside: http://www.uib.no/kmd. Aktiviteten til fakultetet er lokalisert i Møllendalsveien 61 (Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst og Institutt for design) og i Nygård Skole (Griegakademiet - Institutt for musikk). Arbeidsstad vil kunne variere mellom dei to lokasjonane.

Som rådgjevar inngår du i en formildlingsgruppe på 3 medarbeidarar. Rådgjevaren rapporterer til assisterande fakultetsdirektør. Stillinga inngår i ein en administrasjon på omtrent 25 årsverk. Det er utstrekt samarbeid på tvers i administrasjonen, og med vitskapleg og kunstnarisk stab. I stillinga inngår ansvar for å koordinere fakultetets formidlings- og kommunikasjonsarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Strategisk og generelt kommunikasjonsarbeid knytt til fakultetet sin aktivitet.
  • Produsere og formidle større og mindre saker gjennom foto, video og tekst.
  • Koordinere arbeid med årsplanlegging mellom fakultetsfunksjonar og fagmiljø/- leiing .
  • Vidareutvikle og vedlikehald av fakultetets nettsider.
  • Utforming og design i tilknyting til forskingsprosjekt, konferansar og utstillingar/konsertprogram.

Arbeidsoppgåvene inkluderer eit bredt spekter av kommunikasjonsformer og krev ein initiativrik person med høg kommunikasjonsfagleg kompetanse, god digital forståing og evner til å produsere innhald både til eigne nettsider og ulike sosiale media. Rådgjevaren må også evne å jobbe strategisk og systematisk med å styrke fakultetet sitt omdøme.

Arbeidsstad og arbeidsoppgåver vil kunne variere. Den som vert tilsett må kunne rekne med å gjere anna arbeid innanfor gruppa sitt arbeidsområde.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: assisterande fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, (eli.hoie@uib.no, 95198327).

For mer informasjon se her.