Univerket søker grafisk designer

Då ein av oss skal ut i barselpermisjon, i tillegg til at vi har mykje å gjere, lyser vi ut eit ledig vikariat til ein dyktig grafisk designer, med gode muligheiter for fast tilsetting for rette vedkommande. Vi ser etter deg som er sjølvstendig, visuelt sterk og har erfaring med design for analoge og digitale flater – og gjerne marknadsføring for sosiale media. – Ei allsidig designpotet, altså.

Unikt design – solid handverk
Univerket er eit design- og reklamebyrå i Førde, med lyst og triveleg kontor midt i sentrum. I dag består Univerket av seniordesignerar og partnarar Trude Tenold og Heidi Gloppen, som begge har solid erfaring etter mange år i bransjen. Vi er hardtarbeidande, jobbar til ei kvar tid med parallelle prosjekt både i lag og kvar for oss, og har som mål å alltid levere topp kvalitet. Det er viktig for oss å ha det kjekt på jobb, og samtidig verne om ein god balanse mellom jobb og fritid.

Vi ser etter ein designer som:

• Har utdanning innan grafisk design

• Har relevant arbeidserfaring eller ein god portfolio frå studier eller eigne arbeid

• Likar å jobbe i team, men óg sjølvstendig

• Har gjerne erfaring med utvikling av merkevarer og visuelle identitetar

• Kan produsere design for digitale og analoge flater

• Kan arbeide med marknadsføring for sosiale media (Eit pluss, ikkje eit must.)

Hos oss vil du få jobbe med varierte og spennande prosjekt for kulturinstitusjonar, næringsliv og oppstartsbedrifter. Kundane våre er ei fin blanding av etablerte og nye bedrifter innan privat og offentleg sektor, lokalt og nasjonalt.

Vi er opptekne av å lytte til kundane våre, og involverer dei alltid i prosessen for å ivareta deira behov og for å sikre at resultatet reflekterer kunden sine mål. Det er viktig for oss at du som designer klarer å argumetere for eigne val, men at du samtidig er lydhøyr for kunden sine behov og ønsker, og er open for innspel og endringar.

Vi tilbyr:

• Vikariat, 100%, med gode muligheiter for fast tilsetting for rette vedkommande

• Fleksibel, tillitsbasert arbeidstid og muligheit for heimekontor ved behov

• Varierte, spennande og utfordrande prosjekt for små og store kundar

• Lys og triveleg arbeidsplass midt i Førde sentrum

• Engasjerte, erfarne og kjekke kollegaer

• Hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø

• Stiklingar av grøne planter

Er du designpoteta vi leitar etter, eller kjenner du den vi ser etter?

Send ein kort søknad, CV og portfolio til oss på post@univerket.no.

Søknadsfrist: 09.11.21.

Vi behandlar søknadar fortløpande, så ikkje nøl med å ta kontakt om dette høyres ut som noko for deg.