Søk Bachelor i grafisk design og illustrasjon på KHiO

Avdeling design tilbyr eit profesjonsretta, treårig bachelorprogram i grafisk design og illustrasjon. Avdelinga ser på grafisk design og illustrasjon som ein kunstnarleg praksis. Dei to disiplinane blir sameinte i ein humanistisk tradisjon gjennom eit felles opphav i boktrykkjarkunsten. I forlenginga av dette er alt som blir gjort på studiet, på ein eller annan måte relatert til publisering og massemedium.
Grafisk design og illustrasjon har gjennom det trykte ordet spelt ei sentral rolle i framveksten av ei kritisk offentlegheit. I dagens samfunn tek bilete stadig større plass. Grafisk design og illustrasjon handlar om å forme den visuelle offentlegheita.
Studieretninga har eigne prosjektsider som viser studentarbeid og prosjekt.
Søknadsfrist 3. april 2023.
Opptaksprøver og info finner du her.