Professor 100% i visuell kommunikasjon

Ved Institutt for design (UiB), er det ledig ei fast stilling som professor (100%) i visuell kommunikasjon. Tilsetjing er ønska frå 1.08.2018.

Institutt for design er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen, som samlar leiande fagmiljø og tilbyr forskingsbasert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde
Vi søkjer ein professor til undervisning og kunstnarleg forskning i eit tverrfagleg miljø. Stillinga er relativt open med omsyn til eigen designfaglig profil. Den som vert tilsett må ha ein brei designfagleg bakgrunn, samt vere motivert og kvalifisert for å arbeide i tverrkunstnarlege kontekstar og prosjekter. Det er også viktig å vere ei drivkraft i arbeid og utarbeidelse av studieplanar både på bachelor-, master -og ph.d.-nivå.

Innan retninga visuell kommunikasjon har instituttet ei vid forståelse for kva design kan vere, der vårt arbeid er forankra i eit kritisk perspektiv. Vi ønsker å utdanne ukonvensjonelle og nyskapande designarar som rettar blikket mot både reelle og spekulative prosjekt/situasjonar. Vi tilbyr eit eksperimentelt, undersøkjande og nysgjerrig miljø der opne haldningar til kva det vil seie å vere eit menneske i ei ukjent framtid står i fokus.

Søkarane bør beherske eit breitt uttrykksregister, ha interesse for ulike medier, og kunne sette visuell kommunikasjon inn i ei større historisk, samfunnsmessig og kommunikativ samanheng. Vi vektlegg overblikk, brei forståelse og gode evner til refleksjon rundt fagfeltet. Den ideelle kandidaten til stillinga må ha brei og djup erfaring og kunnskap i eit av spesialfelta som: Typografi, redaksjonell design i ulike medier, designaktivisme, kritisk / spekulativ design, informasjonsdesign m.m.

Kandidatane må ha god kunnskap om relevante designmetodar og vere konseptuelt orientert, vere artikulert innan design, og bevisst feltets breiare relevans for visuell kultur. Kandidatar som i sine prosjekt og i si intellektuelle tilnærming adresserer sosiale og kulturelle forhold på analytiske, kritiske og/eller transformative måter, vil bli foretrukken.

Aktuelle søkarar må ha eit sterkt fokus på kunstnarleg utviklingsarbeid, og kunne integrere kunstnarleg utviklingsarbeid i sin undervisningspraksis. Dei fagleg ansatte ved KMD har ein del av si arbeidstid knytt til kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking, og det vert lagt betydelege ressursar inn mot denne delen av arbeidet. Initiering av samarbeid og kontakt med utdanningsinstitusjonar og andre relevante samarbeidspartnarar er viktige oppgåver.

Det forventes også at den som tilsettes bidrar med innspill for å styrke den faglege debatten ved KMD, og til å profilere institusjonen eksternt - bl.a. gjennom å utvikle faglege nettverk lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåvene omfattar i tillegg undervisning, ansvar for undervisningsopplegg, formidling, organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene samt administrative-og eventuelle styringsoppgåver.

Det vert også forventa at professoren skal gi råd og innspill til instituttet om dimensjonering av studieplasser, utdanningspolitikk og emneportefølje.

Fullstendig informasjon og elektronisk søknadskjema finner du her: www.jobbnorge.no

Søknadsfrist: 31. januar 2018