Ledig kontorplass hos PARAPLY

Folk skal vidare i verda, så me får ein ledig plass rundt bordet frå januar av. Er det deg? PARAPLY er eit lite designstudio som held til i kjekke lokale på gateplan i Uelands gate 59 (på Ila/Alexander Kiellands Plass). Leiga for plassen er på 2.500,- i mnd, og inkluderer tilgong til enkelt kjøkken, straum og internet, samt tilgong på printar. Fortel litt om deg sjølv og kva du driv med til hallo@paraply.studio.