Førsteamanuensis (100%) i bevegelig design ved Institutt for design

Ved Institutt for design er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) innan bevegeleg design (motion graphics). Det er ønskeleg med tilsetjing frå 1. September 2023.

Mini Collage KMD

Arbeidsoppgåver/forskingsområde: #

Vi søkjer ein førsteamanuensis med ambisjonar om å utvide og teste grensene for kva bevegeleg design kan vere, i lys av pågåande samfunnsendringar, nye kommunikasjonsformer og teknologiutvikling.

Bevegeleg design er ein del av fagfeltet visuell kommunikasjon ved Institutt for design. Inn under bevegeleg design reknar me mellom anna opplevings- og skjermbaserte animasjonsløysingar i 2D og 3D format for TV, video, film, sosiale medieplattformrar, interaktive skjermar, events og ulike kunstnarlege arenaer. Interesse og openheit for å utforske og kombinere varierte uttrykk, medium og opplevingsformer er ein føresetnad.

Vi søkjer ein høgt motivert designar som utforskar fagområdet sitt gjennom ein kombinasjon av ulike metodar, teknikkar, uttrykksformer og konsept knytt til visuell kommunikasjon og nye medieformer.

Den som vert tilsett må ha evne til å inspirere og motivere studentane, i tillegg til å være ein pådrivar i kunstnarleg utviklingsarbeid/forsking innan fagfeltet. Ei sterk visuell og konseptuell orientering vil bli vektlagt. Søkjar bør ha brei praktisk erfaring og kunne sette bevegeleg design og visuell kommunikasjon inn i ein større historisk og samfunnsmessig samanheng.

Evne og vilje til å knytte kunnskapsutvikling og kunstnarleg utviklingsarbeid til undervisningsopplegg for studentar og fagmiljø vil bli vektlagt. Innføring i bruk av bevegeleg design i ulike formater og media blir en viktig undervisningsoppgåve.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing.
  • Ansvar for undervisningsopplegg.
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid, prosjektutvikling/-leiing inkludert.
  • Hovudrettleiar for ph.d.-, MA- og BA-studentar.
  • Rekruttering av ph.d.-, MA- og BA-studentar.
  • Formidling.
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene.
  • Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar: #

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd ph.d.-utdanning eller gjennomført godkjent stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid på aktuelt fagområde, eller dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå og med ei særleg fordjuping som er relevant for fagområdet eller disiplinen.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for fakultetets stab og studentar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Ein utvikla praksis innan fagområdet.
  • Erfaring med undervisning på universitetsnivå.
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.

Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Vi tilbyr: #

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i årsløn kr 660 000 – 720 000 brutto. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde: #

  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd.
  • Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar (pedagogisk mappe) (skjema til nedlasting/utfylling).

Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei beskriving av intensjonar og mål for åremålsperioden. Det er viktig at søkaren tydeleggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og moglegheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon: #

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Mona Larsen: mona.l@uib.no, tlf +47 905 00 972.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. 
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Om Universitetet i Bergen #

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.